HISTORIE

Etter skipinga av Indre Hornindal Idrettslag i 1910 vart det nytta mange mindre bakkar rundt om i bygda når idrettslaget skulle arrangere hopprenn. Men i 1932, med formann Oliver Fagerheim i spissen, bestemte styret seg for å bygge ein skikkeleg hoppbakke. Fleire alternativ vart lufta, men det vart til at dei samla seg om Siklesvoda, som styremedlem Ola K. Espe hadde sett seg ut.

Oliver Fagerheim fortel;
“Våren 1933 bar det til med dugnad. Det vart kjøpt inn to 90 kg sekkar bygg, og Mikal R. Rygg og Knut O. Rygg bryggja kvar sin sekk. Folk var svært villige til å vere med, og dei stilte med hestar, møkasledar og handreiskapar, det var ikkje nekt på nokon ting. Oppe i bakken var nokre hamrar, under der måtte det fyllast. Gunnar Løken i Vegvesenet var opp og nivellerte, utan kostnad. Han sette opp fliser, slik at dugnadsgjengen hadde ein plan å arbeide etter. Veldig mykje vart gjort, og om hausten tok dei til att på ny frisk etter same opplegget. Det var helst inidøler i dugnadslaget, men også nokre framidøler ville vere med. Ole i Hingarda vart innleigd for 2 kroner dagen. Arbeidet gjekk glimrande. Då fyrste snøven kom, tok ein til å trakke og måke for å jamne ut terrenget best mogleg. Søndag 11. februar 1934 vart bakken prøvd for fyrste gong, og det viste seg at bakken innfridde vonene. Det vart levert mange gode hopp. Knut Otterdal strakte seg til heile 49 meter, som truleg var det lengste i Nordfjord.”

“Opningsrennet 26. mars 1934 vart ein formidabel suksess, strålande vêr, mykje folk og ei hopping som var ein revolusjon her på våre kantar kva lengder angår. Josef Dollis Larsen fra Ålesund, distriktslege Freihow og Johannes N. Gausemel var dommarar. Heile 50 hopparar var påmelde til rennet. Av desse var 15 fra Hornindal. Skiforbundet hadde sendt storhopparen Knut Kobberstad, Lyn, Oslo. Han tok også fyrsteplassen med 228 poeng etter hopp på 49 og 50,5 meter. Men også dei lokale stjernene med Knut Otterdal i spissen hausta stort bifall. Otterdal, som vart nr. 2, var ikkje langt etter med 223,8 poeng og hopp på 48 og 52 meter. Det siste var dagens lengste og ny bakkerekord. Bilane stod tett i tett, fra Mikal Espe og inn til ungdomshuset på Bakke, bilar fra heile Nordfjord og Sunnmøre. Straumen av folk langs den trakka råsa i snøven hekk i hop frå riksvegen og opp i bakken. 1000 menneske tippar eg det var i bakken den dagen. Dei 500 programma som var trykte, vart utselde på eit blunk. Ja, eg trur ikkje det har vore meir folk i Siklen enn den søndagen. Ja, det var slik suksess at korkje eg eller nokon andre hadde sett maken her i dalen.”


FAKTA
Bakken vart bygd i 1933
Fyrste offisielle hopprenn 26. mars 1934
Bakkerekord: 64,5m (Olav Hovdenakk, Ørsta)
Særprega og sagnomsust

Siklebakken var i si tid blant dei største hoppbakkane på Vestlandet. Faktisk er det slik at Siklebakken under opningsrennet var heilt på storleik med Holmenkollen. Bakkerekorden i Holmenkollen var 52 meter heilt til 1938, og ein veit at opningsrennet i Siklebakken i 1934 gav hopp på 52 meter. 

I bakken vart det årleg arrangert store renn med deltakarar både frå Nordfjord, Sunnfjord og Sunnmøre. Også landsrenn, der fleire av dei beste hopparane i Noreg deltok, vart arrangerte her. Bakken var ein såkalla fallbakke. Hopparane gjekk høgt ut frå hoppet og hadde stor fallhøgd til nedslaget. Ein av landslagshopparane skal ha sagt følgjande etter eit langt hopp i Siklen: «Eg trudde ikkje eg skulle ha kome ned att». 

Å hoppe i Siklebakken har blitt sett på som ei lita manndomsprøve, der sjølv dei som såg på hadde ei kjensle av skrekkblanda fryd. Ein av “gamlekarane” skal i eit av dei tidlegaste renna ha kome med følgande utbrot; «Herre og bevare meg vel, dei kan no drepe seg andre stade, dei behøve no ikkje gjere det her.» Han tykte det var skummelt å sjå på. 

Bakkeprofilen gjer at det er relativt langt fram på kulen, etterfølgt av eit bratt unnarenn. For urøynde hopparar kunne det fort by på litt utfordringar viss ein ikkje kom over kulen. Det skal ha skjedd fleire gongar at hopparar blei redde og trekte seg i det dei reiste utfor hoppet. Dette resulterte i ei hard landing på kulen, før dei så tok av igjen og landa ikkje før dei var komne heilt i hola. Ei anna utfordring med bakken var at sletta var noko trong og måtte svingast på. Det hendte derfor at hopparar enda i granhekken i enden av sletta, og enkelte skada seg også i møtet med granene. Ved eit høve var hjelpemannskapa alt reiste med ein skada utøvar, då nok ein hoppar ikkje greidde svingen og skada seg stygt i møtet med granskogen. Dei tok då ut døra på ein av gardfjøsane som står der, og bar han ned att på denne.